Hå kommune
Avdelingsleiar
2 months ago
Share this opportunity
Share this opportunity to other talents of your network:
✓ Offer them a visibility boost with clients.
✓ Help your contacts find their next job.
Important information
Contract type:
Permanent
Location:
Vigrestad, Norway
Work mode:
Onsite
Published on:
31 August 2026
What they need
På Vigrestad storskule er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for ungdomstrinnet, og du startar 1.1.2027. Stillinga består av pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, sosialpedagogisk støtte, administrasjon og noko undervisning.
Me er opptekne av å ha eit trygt og godt skulemiljø og gjera undervisning inkluderande. Som tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.
Vigrestad storskule er ein skule med 5.-10. trinn. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa. Det er omlag 250 elevar og 40 tilsette ved skulen, der 105 av elevane og 20 av dei tilsette er på ungdomstrinnet.
Me kan lova deg ein skule med stort mangfald, mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel og eit godt profesjonsfellesskap. Som leiar får du mykje ansvar, stor påverknad på kva skule storskulen skal vera, mange spanande arbeidsoppgåver, personleg vekst, varierte dagar og masse humor.
Arbeidsoppgåver Er Blant Anna
- dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande
- personaloppfølging
- organisasjonsutvikling
- undervisning
- koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansar
Kvalifikasjonar
- relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, er ønskeleg. Det kan leggjast tilrette for at kandidaten gjennomfører relevant leiarutdanning etter tilsetting
- godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
- gode IKT-kunnskapar
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege Eigenskapar
- trygg og tydeleg som leiar
- relasjonsbyggar som skaper gode forhold for samarbeid
- evne til å jobba under press
- evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format , saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Other offers great for you!
These companies are also looking for great profiles
Easy-Talent
Responsable des Services Généraux - CDD F/H
Freelance
77340 Pontault-Combault, France
Onsite
Skills
10 hours ago
Quick apply
Unitech Solutions
Tech Lead Data
500€/jour
Freelance
Saint-Denis, France
Hybrid, Onsite
Skills
8 hours ago
Quick apply
CL23
Audit Coordination Consultant - Finance - CDI/Freelance
Freelance
Luxembourg
Onsite
Top Recruiter
Skills
7 hours ago
Quick apply
No company information available.