DeepOcean
Rettleiar
4 days ago
Share this opportunity
Share this opportunity to other talents of your network:
✓ Offer them a visibility boost with clients.
✓ Help your contacts find their next job.
Important information
Contract type:
Permanent
Location:
Norway
Work mode:
Onsite
Published on:
21 October 2026
What they need
Nav Askøy
Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk
Vis flere detaljer
Søk senest mandag 2. november
Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!
Nav Askøy har to ledige faste stillingar som rettleiarar, ei i avdeling Arbeidsliv og ei i avdeling Tenesteavklaring og forvaltning. Begge stillingane inneber oppfølging av brukarar over 30 år etter regelverk for sjukepengar og arbeidsavklaringspengar.
Den eine stillinga er organisert i vårt sjukefråværsteam, med oppfølging av brukarar med mål om å behalde sitt arbeid.
Den andre stillinga er organisert i vårt arbeidsavklaringsteam, med oppfølging av brukarar med arbeidsavklaringspengar som enno ikkje er klar for arbeid.
På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vi held til i nye, aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy. Vi er 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar.
Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.
Kva går jobben ut på?
- følge opp, kartlegge, rettleie og motivere brukarar, med helsemessige eller sosiale utfordringar, som treng bistand til å kome i arbeid eller arbeidsretta aktivitet
- sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta
- vurdering av brukarar sine behov og arbeidsevne samarbeid med helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre aktuelle samarbeidspartar
Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske
- erfaring frå sakshandsaming i offentleg forvaltning
- gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg
- erfaring frå bruk av digitale arbeidsverktøy i arbeidet
Det er ein fordel om du har
- god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Nav
- erfaring frå arbeidsretta rettleiing eller rekruttering
- erfaring frå motivasjonsarbeid
Kven er du?
- er løysingsdyktig og har gode samarbeidsevner
- har god relasjonskompetanse
- har god evne til å arbeide sjølvstendig
- arbeider nøyaktig, strukturert og systematisk
- har høg arbeidskapasitet og god evne til å jobbe under press
Kvifor velje oss?
ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag
spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
stillingskode 1434 som rådgivar i lønsspenn frå kr 640 000 til kr 680 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Sofie Overgaard, Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning, 471 78 737, [email protected]
Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Arbeidsliv, 986 05 892, [email protected]
Arbeidssted
Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5193938174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Monica Sandstå Hansen
Avdelingsleiar Arbeidsliv
986 05 892
Sofie Overgaard
Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning
471 78 737
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
fd2d2fea-5ea2-4b19-b664-fe339ce67b77
Sist endret
- oktober 2026
Hentet fra
talentech
Referanse
79e37522c1554a4e95f27d1749a815f1
Other offers great for you!
These companies are also looking for great profiles
Sherpa Accompagnement
Responsable Qualité - Plasturgie / Injection
Permanent contract
Brie-Comte-Robert, France
Onsite
Skills
20 hours ago
Quick apply
Bloomays
RPO freelance - 3j/semaine - Paris
Freelance
Paris, France
Onsite
Top Recruiter
Skills
11 hours ago
Quick apply
Anderson RH
EXPERT AWS- mise en conformité-sécurité-migration
Freelance
Paris, France
Hybrid
Skills
7 hours ago
Quick apply
No company information available.