Find a jobRecruiters

Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

Exclusive opportunity

Onsite

Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

Sogndal kommune

Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

12 days ago

Share this opportunity

Share this opportunity to other talents of your network:
✓ Offer them a visibility boost with clients.
✓ Help your contacts find their next job.

Important information


Contract type:

Permanent

Location:

Sogndalsfjøra, Norway

Work mode:

Onsite

Published on:

14 October 2026

What they need


Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.

Om stillinga Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon
  • Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov
  • Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen
  • Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem
  • Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister
  • Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar
  • Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte

Erfaring og kompetanse

  • Bachelor i helse- og sosialfag
  • Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
  • Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem

Dette er ein fordel om du har

  • Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester
  • Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova
  • Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande

Kven ser me etter? Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement.

Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte.

Me tilbyr

  • Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling
  • Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine

Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg!

Praktisk informasjon Stillingstype: 100 % vikariat

Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret

Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova

  • 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Other offers great for you!

These companies are also looking for great profiles

Mon Consultant Indépendant

Consultant spécialisé ERP IFS - 100% remote

TJM HT max 700 € (hors éventuels frais de mission, à discuter avec le client)

Freelance

Remote

Skills

ERP

6 days ago

Quick apply

Mon Consultant Indépendant

Senior sitecore developer - 100 % remote

TJM HT max 527 € (hors éventuels frais de mission, à discuter avec le client)

Freelance

Remote

Skills

Systèmes d'information

5 days ago

Quick apply

Groupbees

Pilote de projet Data - Niort

Freelance

79000 Niort, France

Onsite, Hybrid

Skills

Big DataProject Management (PMO)Data projectsITBMProject planningDecision support systems

5 hours ago

Quick apply

The best place to find your next move

© 2026. All Rights Reserved.

Talents

Find a job

Create a profile

Solutions and tools