DeepOcean
2. gongs utlysing
10 days ago
Share this opportunity
Share this opportunity to other talents of your network:
✓ Offer them a visibility boost with clients.
✓ Help your contacts find their next job.
Important information
Contract type:
Part time
Location:
Dale, Norway
Work mode:
Onsite
Published on:
16 October 2026
What they need
Fjaler kommune Helse og omsorg
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Sjukepleiar i 80 % fast nattevaktstilling
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest torsdag 5. november
Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling for sjukepleiar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og blir ein del av eit fagleg fellesskap på tvers av heimetenesta og sjukeheimen.
Som sjukepleiar på natt arbeider du i team saman med to kollegaer. Du vekslar mellom arbeid på institusjon og i heimetenesta. Dette gir deg varierte arbeidsoppgåver og erfaring frå begge tenesteområda.
Du arbeider etter ein årsturnus over 52 veker med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er kl. 22.00–07.15.
Helse- og omsorgstenestene i Fjaler kommune er i utvikling for å møte framtidas behov. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med spennande faglege oppgåver og vere ein del av eit miljø som legg vekt på kompetanse og utvikling. Vi har etablert ressursgrupper på tvers av einingane innan mellom anna lindrande behandling og kreft, velferdsteknologi og demens. Her får du høve til fagleg utvikling, kompetansedeling og samarbeid med kollegaer på tvers av tenestene.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg omsorg og pleie.
- Kartlegge, vurdere og setje i verk målretta sjukepleietiltak.
- Tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling.
- Medikamenthandtering.
- Handtering av tryggleiksalarmar.
- Terminalpleie i heim og på institusjon.
- Ansvarsvakt på natt.
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane.
- Arbeide kunnskapsbasert. Bidra til auka fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Sjukepleiarstudentar som er ferdige innan desember 2026, kan òg søkje på stillinga.
- Førarkort klasse B.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Sjølvstendig.
- God på kommunikasjon.
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.
- Engasjement for eldreomsorg.
Det blir lagt vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette.
- Fadderordning.
- Godt arbeidsmiljø.
- Løn etter utdanning og erfaring.
- Eit fast «alltid på topp»-tillegg på kr 35 000 per år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Etterutdanning innan satsingsområde.
Vil du vite meir om korleis det er å bu og leve i regionen vår?
Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Evy Solheim - leiar Fjaler sjukeheim
Leiar sjukeheim
+47 57738147
Om bedriften
Fjaler kommune har omlag 3000 innbyggarar og ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, rundt tre timar nord for Bergen. Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanande arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik, trivsel og gode utviklingsmoglegheiter. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, og har gode skular og barnehagar. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar, og skape eit ope, inkluderande lokalsamfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
10e2b8cc-54b8-4d15-9ae5-b6537425e17c
Sist endret
- oktober 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3670903_142011_nn
Other offers great for you!
These companies are also looking for great profiles
Groupbees
Pilote de projet Data - Niort
Freelance
79000 Niort, France
Onsite, Hybrid
Skills
17 hours ago
Quick apply
Futurwork
Administrateur Systèmes
600€ /jour
Freelance
Brussels, Belgium
Onsite
Skills
2 hours ago
Quick apply
Futurwork
Senior Azure Cloud DBA Engineer
600€/700€ ou CDI Belge (5500€/6200€ brut mensuel + voiture/pack mobilité + full package)
Freelance
Brussels, Belgium
Onsite, Hybrid
Skills
2 hours ago
Quick apply
No company information available.